Fasilitetar
opplev jonatunet
Jonatunet er ein vakker, freda trebygning med historisk sjarm og fasilitetar som gir rom for både fellesskap og ro. Her finn du soverom, plass til samling, mindre grupperom for møte eller tilbaketrekking, samt eit stort uteområde. Ved gruppeopphald kan alle fasilitetar nyttast etter avtale, eller de kan leige enkeltfasilitetar som storsal eller matsal til dagsarrangement.
rom
Jonatunet har 70 sengeplassar fordelt på 24 rom, spreidde over tre etasjar med enkeltrom, dobbeltrom og flersengsrom. Romma har ein triveleg atmosfære, med enkel og komfortabel standard tilrettelagt for eit hyggeleg opphald.
Dusj og toalett
Bad og toalett er felles og finnes på kvar etasje.
Bibliotek
Biblioteket på Jonatunet er eit roleg og hyggeleg rom, ideelt for møter, arbeid eller lesestunder. Lokalet har plass til ei mindre gruppe og er utstyrt med skjerm og moglegheit for digitale møter.
Storsal
Storsalen er eit romsleg og fleksibelt lokale som eignar seg godt til samlingar, seminar og liknande arrangement. Salen er utstyrt med storskjerm, lydanlegg og piano, og kan møblerast med opptil 70 sitjeplassar. I tilknyting til lokalet finst eit lite og funksjonelt kjøken med kjøleskap, som gjestene kan nytte til enkel matlaging eller hyggelege kaffipausar.
Matsal
Matsalen ligg i hageetasjen med utsikt mot uteområdet. Her vert det servert frukostbuffé, lunsj og middag under opphaldet. Matsalen har plass til opptil 60–70 gjester og kan ved behov klargjerast for festmiddag og andre markeringar. I tilknyting til matsalen ligg vårt eige storkjøken, som vert nytta av tilsette til matlaging under opphaldet.
Etasjeplan
Uteområdet
Uteområdet består av park og mathage. Her ligg det til rette for både ro og aktivitet i grøne og trivelege omgjevnader. Parken byr på mange moglegheiter, mellom anna frisbeegolf, treningsapparat og bordtennisbord. Her finn du og fredsduer,
ender og kyllingar. Det er fleire sitjegrupper for sosialt samvær i frisk luft, og ein bålplass som inviterer til hygge.

































