Mat
smak av naturen rundt oss
På Jonatunet er mat ein viktig del av opplevinga. Fred, miljø og berekraft er grunnleggande verdiar hos oss og vi legg vekt på å bruke gode råvarer – gjerne lokale og økologiske – når det let seg gjere.
Når sesongen tillet det, supplerer vi med urter og grønsaker frå eigen hage, og av og til også ville ingrediensar frå naturen rundt oss. Maten vert laga frå botnen av og er heimelaga.
Menyane blir tilpassa årstid, råvarer vi har tilgang på, og ønskja til dei som kjem til oss.
for grupper som overnatter
Under gruppeopphald kan vi tilby alt frå enkle måltid til fullpensjon. Frukostbuffeen inneheld økologisk kaffi og te, nokre heimelaga brøda og smakfullt pålegg. På førespurnad lagar vi gjerne vegetariske rettar til både lunsj og middag.
for dagsturgrupper
Er de ei gruppe på dagstur eller berre ønskjer å kome innom for eit måltid, serverer vi gjerne varm mat, eller kaffi og kake – etter avtale. Ta kontakt, så finn vi ei løysing som passar.
Lokale leverandørar & mat fra naturen
Vi setter stor pris på råvarer av god kvalitet og med kortreist opprinnelse. Derfor er vi glade for at det finnes dyktige mennesker rundt oss som produserer gode råvarer. Blant annet handler vi økologisk kylling fra Homlagården, økologiske epler fra Heljetunet, eplemost fra Herand og hjort fra Krossdalen.



















