Vi inviterer deg til ei sesongbasert matreise og ei koseleg sommarhelg på Jonatunet.

SESONGBASERT MAT OG GODE MÅLTID

Saman skal vi lage og smake på mat med sesongens beste grønsaker, lokale råvarer og urter og blomar frå kjøkenhagen. Julianes Kokebok står for alle måltid. Det blir frukost med granola, yoghurt og bær, lunsj med godt brød og grønn buffet, workshop i konservering, matkurs og pizzakveld. Her får du inspirasjon til å lage deilig grønsaksretta mat. Gled deg til matkurs med 7-rettars måltid som vi delar rundt langbordet etterpå, teseremoni med urter frå hagen og pizza baka i vedovnen ute. Her smakar vi oss gjennom gode og spennande smakskombinasjonar.

NATUROPPLEVINGAR

Vi drar på felles turar og kosar oss saman. Den eine dagen set vi oss i kanoane og padlar utpå fjorden. Etter kvart stoppar vi ved ei strand der vi har piknik med masse snadder! Ein annan dag er det moglegheit for rotur i kyrkjebåt. Innimellom blir det tid til både bading og badstove for dei som vil! Rett utanfor tunet er det kjøkenhage med litt grønsaker som du kan vere med å høste. Her er gode urter og etande blomar. Med fjellet i ryggen og fjorden berre fem minutt å gå frå, er det mogleg å bade i friskt saltvatn for dei som vil!


MER INFO & PÅMELDING: vert@hardangerakademiet.no

PRIS: 3900,-


Dette er inkludert:
  • Overnatting på Jonatunet
  • Heilpensjon
  • Heile programmet med matkurs og aktivitetar på fjorden